mai 12th, 2008
Hadde besøk av H og A i helga, og sjølv om det var høgtid, var det på høg tid å legge om til sommardekk på bilen. Så A og eg fekk jobben gjort i ein fei, medan snøen lava ned. La også merke til at mønsterdjupna på bakdekka var farlig grunn. Vi må nok belage oss på eit lite utlegg til to nye dekk.. Så no snøar det tett, og vi har to dekk utan mønster. He he. Let’s hit the road! Kanskje er det tida for å lære seg brekksladd?
Posted in Tant og fjas, Samfunn, Fotball og bilkøyring | 1 Comment »
mai 3rd, 2008

“Hurra! Det vart ja i uravrøystinga i LO for det framforhandla forslaget.”

“Men kva vil AFP-ordinga seie for meg når eg vert gamal?”
Posted in Fotografert, Bli steinrik i ein fei!!, Samfunn | 1 Comment »
mai 2nd, 2008
Endelig! No har det vore ei heil veke med sol og fineveir, snøen smeltar og våren er kanskje rett rundt svingen. (ein veit aldri her nord..). Om 15 dagar er det midnattsol og det er berre å leggje klar Mosel- og Chablisflaskene i kjøleskåpet. Eg kjem nok til å ta fram sumarjakka i laupet av dagen og vinterhua er bytta ut med solbriller og ipod.
I byen er det russ i alle fargar og vasspumpegevær større enn nokon gong. Det er raud mot oransje, svart mot raud, blå mot småungar og alle mot alle. Det er livsfarlig i gatene og butikkeigarane er vel sånn midt på treet misnøgde med heile greia.
På det personlige plan kan eg nemne at me flyttar sørover om mindre enn ein månad. Det vert nok rart og litt kjekt og, sjølvsagt. Dei som reknar seg som våre vener i Bergen ™ bør kjenne si besøkingstid og stille på Hurtigruteterminalen på Nøstet når lasset kjem.
Vi har hatt og skal ha mykje besøk, og eg begynner å bli litt lei confit de canard.. Elles har eg fått mms frå far min i bar overkropp på ei strand i det nordlige Italia. Meir er det ikkje å seie om det, utan at det vert psykologmat..
Posted in Tant og fjas, Observert og klypt, Samfunn | 4 Comments »
april 19th, 2008

Lokal fugl knipsa på litt for lang avstand. Fin i allefall.
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Observert og klypt | 2 Comments »
april 15th, 2008

K&B gifta seg på laurdag, og dei stråla i duskregnet i Kristiansand. Hurra! God mat, fin stemning og til dels poengterte talar.
Det var kjekt å få seg ein tur sørpå, og å treffe att litt vestlendingar og anna godtfolk. Innkvarteringa eg hadde ordna for A, K og meg, var dog i enklaste laget. Vel, vi fekk no stroke dressbuksene våre, på eit bord som vi stal frå resepsjonen. Av andre positive ting å nemne, er reint sengetøy, varmtvatn i dusjen, delvis fungerande trådlaust nettverk og desillusjonerte islandske teenagers i resepsjonen.
Posted in Fotografert, Bli steinrik i ein fei!!, Samfunn | No Comments »
mars 16th, 2008


Hei! Driv du å tar bilete av meg når eg søv?!
Posted in Tant og fjas, Fotografert | 2 Comments »
mars 3rd, 2008
Det går ikkje akkurat unna med korkje fotball eller bilkøyring. Men eg har fått spela ein del volleyball dei siste måndagane. Så også i dag. To timar og førti minutt med intensive mottak, opplegg og angrep. Og eit par vellukka blokker. Ai ai ai. No er eg heilt gåen. Kjekt å kome heim att til den vesle prinsessa. Postar like godt eit av dagens bilete av henne.

Posted in Tant og fjas, Fotografert, Fotball og bilkøyring | 1 Comment »
mars 1st, 2008

Nokon som kjenner att denne buksa?
I dag fekk Aili smokk. Det var ikkje ein dag for tidlig. No er det mogleg å føre ein samtale i stova når ho er vaken. Vi lærer altså stadig nye ting, og livet er ikkje så verst. Fint vêr har vi òg. Berre litt mykje vind.
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Samfunn | 1 Comment »
februar 28th, 2008
Den nye kvardagen ™ har hardt og brutalt slått rot i heimen. Full pupp, fulle bleier og fullt sirkus. Heile natta. Aili held foreldra i full vigør, men innimellom vert det tid til å knipse nokre bilete.

Pink girl

Dagens grimase

Sinte bjørn

Lua på snei. I dag var vi på fyrste køyretur med bil og bilsete. Det gjekk bra. Ho skreik berre fram til sentrum.
Posted in Fotografert, Observert og klypt, Samfunn | 7 Comments »
februar 22nd, 2008
I dag våga vi oss ut på glatta, for å teste vogna, og for å sjå korleis Aili likte å trille ut i blesten. I tillegg fekk vi send av garde old-school-greiene til A. Vi kledde på jenta både ullbukse og hue, men gløymde vottar.. Vi lærer kvar dag.

Nokon som gjenkjenner denne gensaren?

Med broddar og fire hjul i svingen. HMS i praksis.
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Bli steinrik i ein fei!!, Samfunn | 9 Comments »